Hopp til innhald

Louise Keilhau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louise Keilhau

Fødenamn Louise Ottesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mai 1860
Kristiansand
Død

23. desember 1927 (67 år)
Oslo

Yrke fredsaktivist
Politisk parti Venstre
Medlem av Kvinnenes Verdensforbund for varig fred, Norges Røde Kors, Landskvindestemmeretsforeningen, Norsk Kvinnesaksforening, Norges Venstrekvinnelag
Ektefelle Harald Keilhau
Louise Keilhau på Commons

Louise Keilhau (25. mai 186023. desember 1927) var ein norsk lærar og fredsaktivist. Ved inngangen til 1900-talet var ho sentral i verksemda til «Foreningen for Pleje av syke og saarede i Feldt», frå 1908 kalla Norges Røde Kors. Ho bidrog i vesentleg grad til at Norges Røde Kors kunne spele ei rolle i det humanitære arbeidet under første verdskrigen. Keilhau var engasjert i partiet Venstre, i forsvarssaka, i rørsla for kvinneleg røysterett i Noreg og rettar for kvinner i arbeidslivet. Ho deltok ved grunnlegginga av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom i 1915.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Keilhau blei fødd i Kristiansand 25. mai 1860. Foreldra hennar var overlæraren Harald Wilhelm Ottesen og Else Egeberg. I mange år var Louise Keilhau tilsett ved Kristiania Katedralskole. Ho blei fødd inn i konservative kretsar, men gjekk likevel over til Venstre. Som nygift følgde ho mannen sin, amtmann Harald Keilhau (1854–1890), til Nordland.[1][2]

Keilhau var stiftar av Venstrekvinnelaget i Oslo og Aker og i var nestleiar (viceformann) i Landskvindestemmeretsforeningen. Ho var også styremedlem i Norges Forsvarsforening og av Norske kvinners innsamling til forsvaret.[1][3]

Frå inngangen til 1900-talet var Keilhau ein sentral skikkelse i Norges Røde Kors, inntil 1908 kalla «Foreningen for Pleje av syke og saarede i Feldt».[4] Ho var leiar i Kristiania Kreds' Arbeidskomite frå denne blei stifta i 1907, og medlem av hovudstyret frå omorganiseringa i Norges Røde Kors i 1915.[5][6][7]

Keilhau bidrog i åra før første verdskrigen til at Norges Røde Kors endra den innoverretta haldninga si, og kunne spele ei rolle i det internasjonale arbeidet for å finne sakna personar og humanitær hjelp.[5] Ho reiste rundt i landet og propaganderte for ideane til Henri Dunant om å førebu seg på krig i fredstid, slik at lidingane som måtte komme, blei mindre. Takka vere denne innsatsen blei det etablert mange kvinnegrupper som var vel informert om ideane til Røde Kors. Dei var også opptekne av lidingane til dei sårande soldatane. Kvinnene kom saman kvar veke og sydde og strikka medisinsk utstyr. Då krigen til sist braut ut, kunne desse kvinnegruppene straks setjast i arbeid, og utgjorde eit stort nettverk av produksjonseiningar.[5][6]

tidsskriftet For hjem og samfund blei stifta i 1914 som eit «socialt og kristelig kvindeblad», med Marie Michelet som redaktør, var Keilhau medlem av redaksjonen. Bladet oppfordra kvinnene til «å gjøre hjemmet til et samfund, og samfundet til et hjem».[8][9] Ho stilte seg bak oppropet om å støtte kurset til Den norske Samaritanforening i hjemmets sykepleie.[10]

Keilhau var engasjert i rettane til kvinner i arbeidslivet. Den 20. januar 1924 innleia ho i Kvindelige handelsstands forening til spørsmålet Gjør ekteskabet kvinder umulig til erhversarbeide? Eit forsikringsselskap hadde sagt opp ei kvinneleg tilsett fordi ho hadde gifta seg. Møtet uttrykte i ein resolusjon sin «levende beklagelse» over dei prinsippa som låg til grunn for vedtaket til forsikringsselskapet, og peika på at den innebar tilsidesetting av «alvorlige og betydningsfulle samfunnsmessige hensyn».[11]

Keilhau døydde 23. desember 1927 etter lengre tids sjukdom og blei bisett 30. desember.[12][13]

Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom blei stifta 1915 i Den Haag. Deltakarar ved stiftinga frå venstre: 1. Lucy ThoumaianArmenia, 2. Leopoldine KulkaAusterrike, 3. Laura HughesCanada, 4. Rosika SchwimmerUngarn, 5. Anita AugspurgTyskland, 6. Jane AddamsUSA, 7. Eugenie HannerUSA, 8. Aletta JacobsNederland, 9. Chrystal MacmillanEngland, 10. Rosa GenoniItalia, 11. Anna KlemanSverige, 12. Thora DaugaardDanmark, 13. Louise Keilhau – Noreg.
  1. 1,0 1,1 Dagbladet, nekrolog 24. desember 1927.
  2. Agderposten, 27. desember 1927.
  3. Norges Kvinder 28. desember 1927
  4. «Nasjonalbiblioteket». www.nb.no. Henta 7. november 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Humanitarianism (Norway) | International Encyclopedia of the First World War (WW1)». encyclopedia.1914-1918-online.net. Henta 7. november 2021. 
  6. 6,0 6,1 Amanda Verdery Young. «Louise Keilhau». Women In Peace (på engelsk). Henta 7. november 2021. 
  7. Norges røde kors 1865-1925. Oslo : B. Bentzens boktrykkeri. 1925. 
  8. Melby, Kari (1997). Kvinnelighetens strategier. Senter for kvinneforskning, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. s. 83. 
  9. Aftenposten, 28. januar 1914.
  10. Aftenposten, 5. januar 1914.
  11. Norges Kvinder, 25. juni 1921.
  12. «Nasjonalbiblioteket». www.nb.no. Henta 7. november 2021. 
  13. Dagbladet, torsdag 29. desember 1927.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Louise Keilhau